Velkommen til Drivkraft sitt søknadsskjema for Spirestipend.
Drivkraft er ei stifting oppretta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Målet med Drivkraft er å vere ein pådrivar i utviklinga av både nytt og eksisterande næringsliv i regionen.
Spirestipendet er for unge gründerar og nye idéar i tidleg fase. Ordninga skal bidra til å senke terskelen for å satse, og rekruttere fleire unge inn i framtidas næringsliv i Sogn og Fjordane.
Kven kan søkje?
Spirestipendet er for unge under 30 år med ein god idé. Du kan søkje som privatperson eller på vegner av bedrifta di dersom du er gründer, dagleg leiar eller har ei tilsvarande sentral rolle knytt til ideen og prosjektet. Du må vere under 30 år, og ideen må ha utspring i, eller sterk tilknyting til, Sogn og Fjordane. Dersom du søkjer som privatperson, treng du ikkje organisasjonsnummer for å søkje.
Terskel
Det trengst berre et vedlegg, ei kort prosjektskildring, og du kan søkje som privatperson utan organisasjonsnummer.
Slik blir søknaden vurdert
Juryen vil legge særleg vekt på følgande:
- Er det nytenkjande? For dykk sjølve, for bransjen og/eller for Sogn og Fjordane.
- Kva vil bli mogleg på grunn av Drivkraft-midlane? Om stipendet avgjer om prosjektet blir noko av, eller gjer at det skjer raskare eller blir større.
- Kva betyr det for Sogn og Fjordane? Verdiskaping, arbeidsplassar og andre ringverknader.
- Kven står bak? Teamet si evne til å gjennomføre.
Kva kan midlane brukast til?
Stipenda skal støtte konkrete utviklingsaktivitetar, til dømes:
- Testing og pilotering av idéar
- Produkt- og tenesteutvikling
- Kompetanseheving
- Nettverksbygging
- Førebuing til vidare vekst
Drivkraft Boost
Juryen kan tilby Drivkraft Boost til nokre mottakarar av Spirestipend: Inntil ti timar sparring eller rådgiving med ein rådgivar vi koplar deg med. Vi spør nedanfor kva kompetanse du treng.
Før du startar
- Felt merkte med * er obligatoriske og må fyllast ut.
- Nokre tekstfelt kan utvidast for betre oversikt. Klikk på symbolet i høgre hjørne for å opne feltet i fullskjerm.
- Du kan lagre søknaden som utkast og arbeide vidare med han fram til fristen går ut. Merk at det alltid er den sist lagra versjonen som er gjeldande.
- Det er mogleg å samarbeide om utfyllinga ved å dele lenkja du får når du lagrar utkastet.